Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Iden Sjøholt - kjempefine tomter like ved skule og idrettsanlegg

Idenvegen 44 6240 Ørskog
Prosjektet bygges av

Møre Hus AS

Møre Hus AS vart etablert i 1997 og er ein byggentreprenør som har hovudfokus på å byggje Systemhus på Sunnmøre. Selskapet har ein imponerande portefølje frå enkle og praktiske småhus/leilegheiter til storslåtte og detaljrike villaer.

Gå til forhandlersiden

Nøkkelinfo

Boligtype

Tomt

Fasiliteter

  • Utsikt
  • Turterreng

Adkomst

I det nye bustadfeltet Iden like ved den nye barne- og ungdomsskulen har vi tre ledige einebustadtomter. Tomtene ligg øvst i feltet, og her kan kjøpar enten velge hus frå våre huskatalogar, eller vi kan spesialteikne huset akkurat slik du ønskjer det. Tomtene er svært solrike med kveldssol, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde.

Køyr E136 til Sjøholt sentrum. Ta av ved Shellstasjonen, og køyr vidare mot idrettsanlegg og Sjøholt skule. Følg så Prestegardsvegen forbi skulen, ta av ved Idenvegen, og køyr denne vegen til endes. Einebustadtomtene ligg på ei rekke heilt øvst i feltet.

Beliggenhet

Det er den gamle idrettsplassen med kallenamnet Iden som no er regulert til bustadføremål. I tidlegare tider har området vore nytta til mellom anna idrettsaktivitetar, utstillingar og plattingdans, og no skal området igjen fyllast med liv og leik. Byggearbeidet med fleirmannsbustadane i feltet er no ferdig, og leilegheitene er overtatt av kjøparane. Midt i feltet er det opparbeidd ein stor leikeplass med god plass for mange forskjellige aktivitetar. Her er det plassert rasteplassbenkar, leikeapparat, sandkasse og dissestativ, og har blitt ein fin samlingsplass for både store og små.

Det er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit svært breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, kafè, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir. Her er også småbåthavn, populære badestrender og mange turstiar i nærområdet. Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og med fantastiske skiforhold om vinteren. Sjøholt er ei naturperle, og sentrum ligg omkransa av spektakulære fjell og med ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur.

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding

Andre prosjekter fra Møre Hus AS