Iden-Einebustader
Husbankfinansierte einebustader med utleigedel!
Moderne einebustader i nordisk stil med moglegheit for utleige. Bustadene har ein tiltalande fasade, med store vindauge i stue og kjøkken med ei takhøgde opptil 4 m som gir ein særdeles luftig og god romfølelse. Bustadene er planlagt med 4 soverom, der eit av dei er i hybel. Her kan kjøpar velge om ein ønsker å leige ut hybel eller bruke denne delen som eigen del etter behov.
Bustadene ligg på ei solrik tomt i eit roleg og etablert bustadområde. Frå soverom har ein eigen utgang for å nyte morgonsola, og terrassen har sol fra morgon til kveld. Elles inneheld bustadene 2 bad, 2 sportsboder, bod, open stue/kjøkken for hybel-del, entre og carport. Bustadene er innhaldsrike og har fokus på det praktiske. Dei passer perfekt for den unge familien som vil ha god plass å vekse i.
Plassering
I det nye bustadfeltet Iden like ved den nye barne- og ungdomsskulen har vi tre moderne einebustader med utleiemuligheter til sals. Tomtene er svært solrike med kveldssol, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde.
Det er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit svært breitt og variert servicetilbod.
Standard/Leveranse
Bustadene vert levert klar for eigeninnsats med sparkling, maling, tapetsering, flislegging og legging av golv. Kjøparane vil sjølv kunne bestemme flis, parkett, innvendige fargar, utførelse på trapp, kjøkkeninnreiing og baderomsinnreiing m.m.
Ta kontakt for utfyllende informasjon.
Fordelar ved kjøp av heilt ny bustad
- Du slepp hektiske budrundar
- Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
- Lave kostnadar til oppvarming
- Bygd etter ny teknisk forskrift (TEK 17)
- Du får ei tidsriktig og praktisk bustad, og moglegheit til å påverke leveransen
- Alt er nytt, lave kostnadar til vedlikehald og oppussing
- Du får god tid til å førebu innflytting
- Garantitid