Sjøholtreitane
Bustadtomta ligg på Sjøholtreitane som er eit godt etablert bustadfelt ovanfor Sjøholt sentrum. Tomta ligg i øvre del av feltet, og her kan kjøpar enten velge hus frå våre huskatalogar, eller vi kan spesialteikne huset akkurat slik du ønskjer det. Tomta er svært solrik, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde.
Det er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit svært breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, kafè, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir. Her er også småbåthavn, populære badestrender og mange turstiar i nærområdet.
Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og med fantastiske skiforhold om vinteren. Sjøholt er ei naturperle, og sentrum ligg omkransa av spektakulære fjell og med ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur.