Hopp til hovedinnhold

Einebustad i rekke Nihusbakken Skodje

Nihusbakken 6260 Skodje
Oppdag Nihusbakken, eit nytt bustadfelt i hjartet av Skodje. Moderne rekkehus med eineståande utsikt mot fjord og fjell, perfekte for familiar eller godt vaksne som ønskjer seg ein meir lettstelt bustad. Nærleik til sentrum, skular og fritidsaktivitetar, i eit trygt og solrikt område. Med unike fasilitetar og eit familievennleg miljø, er dette staden du vil kalle heim.
Ferdig planlagt
Planlegging
Prosjektet ligg ute for sal
Salgsstart
Under bygging
Byggestart
Etter avtale med kjøper
Overtakelse
1 / 0

Enheter

9

Bruksareal (BRA)

166

Pris

4 990 000 kr - 5 690 000 kr

Boligtype

Rekkehus, Eier (Selveier)

Eierform

Selveier

Om prosjektet

Moderne og innhaldsrike einebustadar i rekke med ei sjeldan flott plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken. Bustadane har funkisstil med reine linjer, og har eit moderne uttrykk både i fasade og interiør. Lun og solrik plassering, og ei fantastisk utsikt mot fjord og fjell.

Koselig stue og kjøkken

Det nye bustadfeltet Nihusbakken ligg i hjartet av Skodje med kort veg til sentrumsfunksjonane. Dette er ein av dei lunaste og mest solrike plassane på Skodje, og kan i tillegg by på ei fantastisk utsikt mot både fjord og fjell. Området ligg under fjellfoten der stien til Nihusen startar, og her er vi no i full gang med ei etterlengta utbygging der vi ønsker å skape eit godt bumiljø for alle.

Bygginga av einebustadane i rekke er godt i gang. Bustadane i første bygget (bygg 3) er selde, men her er framleis ledige bustader i dei to neste bygga (bygg 1 og bygg 2).

Bustadane har tiltalande fasadar med moderne uttrykk, og er svært innhaldsrike med fokus på det praktiske. Her er carport/utebod mellom kvar bustad, og med denne løysinga får alle sin eigen private bustad utan å vere heilt vegg i vegg med naboen. Inngangspartiet ligg på nordsida i hovudetasjen, og ved sidan av inngangspartiet er det direkte innkøyring til carport. I bakkant av carport ligg ei sportsbod, og her er vidare gjennomgang til balkongen på sørsida av bustaden. Alle har sitt private hageareal på framsida, og privat parkeringsareal på baksida.

I hovudetasjen er det stor stue med kjøkkendel, eit stort soverom, hall/trapperom og WC. Utgang frå stue til sørvendt balkong. I underetasjen er her to soverom, bad, vaskerom, gang/trapperom og to innvendige boder. I tillegg kjem den store utvendige boda som ligg under carporten, og som har tilkomst både utanfrå og frå innvendig bod i u.etg. Her får du altså meir oppbevaringsplass enn vanleg ved denne type bustad. Bustaden har eit innvendig bruksareal på 113,3 m², og bruksareal inkl. carport og boder er 166,1 m².

Enheter til salgs i Einebustad i rekke Nihusbakken Skodje

Bygg 1- hus 3312166 5 690 000 kr
Bygg 1- hus 2 (Solgt)312166
Bygg 1- hus 3 (Solgt)312166
Bygg 2- hus 1312166 5 190 000 kr
Bygg 2- hus 2312166 4 990 000 kr
Bygg 2- hus 3312166 5 190 000 kr
Bygg 3- hus 1 (Solgt)312166
Bygg 3- hus 2 (Solgt)312166
Bygg 3- hus 3 (Solgt)312166

Om nabolaget

Sentral plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken bak Skodje omsorgssenter. Bustadane ligg sørvendt på solrike tomter med utsikt i retning Skodjevika. Feltet har ferdig opparbeida leikeplassar med leikeapparat, benkar og sandkasse. Gangavstand til alle sentrumsfasilitetar som butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, idrettsanlegg, kulturhus, omsorgssenter, legekontor, treningssenter, busstopp m.m. Flott turterreng, skiløyper, idrettsanlegg, golfbane m.m. i nærområdet.

Nihusbakken bustadfelt ligg svært landleg til, samtidig som det er sentralt og kort veg til det meste. Digerneset næringspark er berre nokre minutt unna med bil, og her er mange aktørar etablert, og stadig fleire kjem til. Køyretid til Moa 15 minutt, og til Ålesund sentrum 25 minutt.

Kontakt oss

Jofrid Hatlehol
Salgsleiar prosjekt

Om utbygger

Møre Hus AS

Møre Hus AS vart etablert i 1997 og er ein byggentreprenør som har hovudfokus på å byggje Systemhus på Sunnmøre. Selskapet har ein imponerande portefølje frå enkle og praktiske småhus/leilegheiter til storslåtte og detaljrike villaer.

Gå til forhandlersiden

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding

Andre prosjekter fra Møre Hus AS