Velkommen til denne lyse og lekre 3-roms leilegheita som ligg i eit roleg og attraktivt bustadområde. Leilegheita er straks klar til innflytting, har smarte og smakfulle løysingar, og er innreia med materialar av god kvalitet.
Kjempefin romsleg 3-roms leilegheit med god planløysning, stor overbygd markterrasse og parkeringsplass i carport med bod på 5 m² i bakkant.
Denne leilegheita vert levert klar til innflytting med god standard. Her er glatte malte veggar i duse fargar, eit stilfullt flislagt bad med fine detaljer, vegghengt toalett, takdusj og moderne dusjveggar.
Kjøkkenet er utstyrt med integrerte kvitevarer frå Bosch, og har ein lekker mørk beige farge på innreiinga. Det er god plass til både spisebord og sofagruppe i den opne stue- og kjøkkenløysinga, noko som gir ei luftig og sosial atmosfære.
I entreen er det varmekabel og flis, og ei praktisk skyvedørsgarderobe sørger for godt med plass for oppbevaring av ytterklede og sko. Det er røropplegg for vaskemaskin både på bad og bod, så valfri plassering av vaskemaskin og tørketrommel.
Hovudsoverommet er på 13,1 m²og har god plass til dobbeltseng, nattbord og klesskap. Det andre soverommet har også god størrelse, det er på 11,4 m² og har også plass til dobbeltseng. Om du ikkje har behov for begge soveromma kan eit av dei nyttast som hobbyrom, kontor, ekstra TV-stue eller liknande.
Ei open løysing mellom stue og kjøkken gir ekstra god romfølelse. Store vindauge mot sør bringer naturen og naturleg lys inn i leilegheita. Frå stua kjem du ut til ein flott overbygd markterrasse på 18 m². Her kan du sete og nyte utsikta, eller du kan invitere familie og venner til eit sosialt lag.
Leilegheita har overbygd inngangsparti med støypt platt, og veg og parkeringsareal vert levert ferdig asfaltert.
Om nabolaget
Bustadane har ei sentral plassering samtidig som dei ligg i eit fredeleg og veletablert bustadområde.
Med kort køyretid både til Digerneset (10 min.), Moa (20 min.), Ålesund sentrum via Ellingsøya (25 min.) og Brattvåg (13 min.) er Eidsvika sentralt for dei fleste. Gangavstand til barnehage, barneskule, ungdomsskule, butikkar, idrettsanlegg, Eidet kulturhall, omsorgssenter, legekontor, busstopp m.m. gjer Eidsvika til ein attraktiv stad å bu for svært mange.
Området er dei seinare åra utbygd med einebustader, småhus og lavblokker, og er ein del av eit lite lokalsamfunn med bustader for folk i alle livsfasar.
Naturen i området er eit eldorado for alle som er glade i å vere ute, her er mellom anna ei badestrand innerst i fjorden, flotte turstiar i nærområdet og sjøen som næraste nabo.