Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Eksklusiv leilegheit med stor terrasse og panoramautsikt i Eidsvika - Tennfjord

Eidsvikstranda 60 6264 Tennfjord
Jofrid Hatlehol
Salgsleiar prosjekt
Prosjektet bygges av

Møre Hus AS

Møre Hus AS vart etablert i 1997 og er ein byggentreprenør som har hovudfokus på å byggje Systemhus på Sunnmøre. Selskapet har ein imponerande portefølje frå enkle og praktiske småhus/leilegheiter til storslåtte og detaljrike villaer.

Gå til forhandlersiden
Moderne og stilfull 5-roms leilegheit i 2-mannsbustad i vakre Eidsvika. Flott bustadprosjekt med til saman tre 2-mannsbustader i eit roleg og idyllisk område. Leilegheita ligg i eit av dei mest populært bustadområda i regionen, og har ei spektakulær utsikt mot fjord og fjell.

Prosjektfase

Ferdig planlagt
Planlegging
Ligg ute for sal
Salgsstart
Nærmar seg ferdigstilling
Byggestart
Etter avtale med kjøpar
Overtakelse

Nøkkelinfo

Boligtype

Tomannsbolig

Eierform

Selveier

Soverom

3

Bad

2

Rom

5

Etasjer

2

Bruksareal

152 m² (BRA)

Internt bruksareal

123 m² (BRA-i)

Eksternt bruksareal

29 m² (BRA-e)

Terrasse/balkong

43 m² (TBA)

Energimerking

B

Fasiliteter

  • Balkong/Terrasse
  • Utsikt
  • Garasje/P-plass
  • Turterreng
  • Peis/Ildsted

Her får du årstidene i all si prakt rett inn i stua, samtidig som du kan nyte gode dagar i ei lys, moderne og romsleg leilegheit. Store vindauge mot sør slik at utsikta kan nytast både frå kjøkken og stue.


Bustaden har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Arkitekten har valgt å framheve det moderne uttrykket ved å bruke forskjellige materialar. Skiftet mellom bordkledning og fasadeplater er med på å skape liv i fasadane, og detaljar rundt vindauge, dører og inngangsparti gjer bustaden ekstra attraktiv.

Leilegheita har gode uteareal med stor terrasse over carport, og grøntareal på sida av bustaden og mot sør. Leilegheita har eiga innkøyring frå nordsida, og sin private parkeringsplass i tillegg til parkeringsplass i carport. Veg og parkeringsareal vert asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet.

God planløysing der stue og kjøkken er utforma som delvis opent areal med god kontakt mellom romma. Utgang både frå stue og kjøkken til stor takterrasse som ligg over carport/sportsbod.

Leilegheita har bad i begge etasjar, eit soverom oppe, to nede og ei kjellerstue. Separat vaskerom i 1. etasje, og stor sportsbod i bakkant av carporten. Med soverom og bad i begge etasjar har bustaden ei funksjonell inndeling til dømes for dei som har ungdommar i hus.

I tillegg til dei nevnte kvalitetane vil ein få eit fint uteareal mot sør der ein kan bygge treplatting eller ha plenareal. Kvar leilegheit eig og disponerer sin halvdel av tomtearealet.

Totalt er her tre vertikaldelte 2-mannsbustader i prosjektet. I bygg 1 og 2 er begge leilegheiter selt, i bygg 3 er her framleis ei ledig leilegheit. Så dette er siste moglegheit til å sikre seg ei av dei flotte leilegheitene i prosjektet.

Andre enheter til salgs i 2-mannsbustad Eidsvikstranda

Bygg 1, Leil. 1 (Solgt)322152
Bygg 1, Leil. 2 (Solgt)322152
Bygg 2, Leil. 1 (Solgt)322152
Bygg 2, Leil. 2 (Solgt)322152
Bygg 3, Leil. 1 (Solgt)322152
Bygg 3, Leil. 2322152 5 690 000 kr

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding