Møre Hus AS vart etablert i 1997 og er ein byggentreprenør som har hovudfokus på å byggje Systemhus på Sunnmøre. Selskapet har ein imponerande portefølje frå enkle og praktiske småhus/leilegheiter til storslåtte og detaljrike villaer.
Byggeklare tomter i Jensvika – ei perle i nye Ålesund. Med fantastisk utsikt og unik plassering er dette eit bustadområde som tilbyr både roa frå naturen og nærleiken til regionen sitt største knutepunkt, Digerneset. Her kan du realisere bustaddraumen din ved å velje hus frå våre huskatalogar. Vår dyktige arktitekt kan også spesialteikne din nye heim akkurat slik du ønskjer den.
Prosjektfase
Ferdig
Planlegging
27.02.2025
Salgsstart
Etter nærare avtale
Byggestart
Etter nærare avtale
Overtakelse
Nøkkelinfo
Boligtype
Tomt
Eierform
Selveier
Tomteareal
969 m²
Fasiliteter
Turterreng
Offentlig vann/kloakk
Bo ved sjøen
Området ligg idyllisk til i hellinga ned mot sjøen ved Jensvika, like aust for Digerneset. Feltet ligg svært usjenert til nede ved sjøen, og har ei roleg og idyllisk plassering samt nydeleg utsikt mot fjord og fjell. Tomtene er byggeklare, ein god del hus har kome opp, og mange har allereie flytta inn. Her er først og fremst planlagt tomter for einebustader, men nokre mindre områder er også sett av til tettare utbygging.
Ta turen til Jensvika
Er du interessert, er forholda lagt til rette for at du kan ta turen til Jensvika. Vi har installert benkar, setegrupper og grusa stiar i tomteområdet slik at du kan bruke tid til å ta inn omgivnadane, nyte utsikta, og føle på om Jensvika kan vere staden du vil bu.
Høyr kva Leif-Kjetil og Synnøve seier om det gode livet i Jensvika
Bli med på ei droneflyging , og les også om korleis omgivnader og utsikt påverkar helsa. Les her om Leif-Kjetil og Synnøve som var raske til å kjøpe draumetomta i Jensvika.
Om nabolaget
Beliggenhet
Med helling ned mot sjøen ved Jensvika, like aust for Digerneset, ligg dette flotte bustadfeltet med solrik, roleg og idyllisk plassering. Feltet ligg veldig usjenert til nede ved sjøen, og har panoramautsikt mot fjord og fjell. Her er først og fremst planlagt tomter for einebustader, men nokre mindre områder er sett av til tettare utbygging.
Samtidig som bustadfeltet ligg usjenert til, er det også svært sentralt. Det er gangavstand til Digerneset næringspark, som har hatt ei formidabel utvikling dei siste åra med eit breidt utval av butikkar, tilbod og arbeidsplassar. Med bil er det korte avstandar til det meste, køyretid til Digerneset 3 minutt, Moa 12 minutt og Ålesund sentrum 22 minutt.
Plantegninger
Leveransebeskrivelse
Andre enheter til salgs i Einebustadtomter Jensvika