Om nabolaget
Beliggenhet
Det er den gamle idrettsplassen med kallenamnet Iden som no er regulert til bustadføremål. I tidlegare tider har området vore nytta til mellom anna idrettsaktivitetar, utstillingar og plattingdans, og no skal området igjen fyllast med liv og leik. Byggearbeidet med fleirmannsbustadane i feltet er no ferdig, og leilegheitene er overtatt av kjøparane. Midt i feltet er det opparbeidd ein stor leikeplass med god plass for mange forskjellige aktivitetar. Her er det plassert rasteplassbenkar, leikeapparat, sandkasse og dissestativ, og har blitt ein fin samlingsplass for både store og små.
Gangavstand til sentrum
Det er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit svært breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, kafè, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir. Her er også småbåthavn, populære badestrender og mange turstiar i nærområdet. Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og med fantastiske skiforhold om vinteren. Sjøholt er ei naturperle, og sentrum ligg omkransa av spektakulære fjell og med ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur.