Moderne og innhaldsrike einebustadar i rekke med ei sjeldan flott plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken. Bustadane har funkisstil med reine linjer, og har eit moderne uttrykk både i fasade og interiør. Lun og solrik plassering, og ei fantastisk utsikt mot fjord og fjell.
Prosjektfase
Ferdig planlagt
Planlegging
Prosjektet ligg ute for sal
Salgsstart
Etter avtale med kjøper
Overtakelse
Nøkkelinfo
Internt bruksareal
113 m² (BRA-i)
Eksternt bruksareal
53 m² (BRA-e)
Terrasse/balkong
28 m² (TBA)
Fasiliteter
Balkong/Terrasse
Utsikt
Garasje/P-plass
Turterreng
I eit triveleg bustadområde med ei sjeldan flott plassering har vi for salg denne flotte bustaden. Her er carport/utebod mellom kvar bustad, og med denne løysinga får alle sin eigen private bustad utan å vere heilt vegg i vegg med naboen.
Bustaden har tiltalande fasadar med moderne uttrykk, og er svært innhaldsrik med fokus på det praktiske. Inngangspartiet ligg i hovudetasjen på nordsida, og ved sidan av inngangspartiet er det direkte innkøyring til carport med sportsbod i bakkant. Sportsboden har vidare gjennomgang til balkongen på sørsida av bustaden. Alle har sitt private hageareal på framsida, og privat parkeringsareal på baksida.
I hovudetasjen er det stor stue med kjøkkendel, eit stort soverom, hall/trapperom og WC. Utgang frå stue til sørvendt balkong. I underetasjen er her to soverom, bad, vaskerom, gang/trapperom og to innvendige boder. I tillegg kjem den store utvendige boda som ligg under carporten og som har tilkomst både utanfrå og frå innvendig bod. Her får du altså meir oppbevaringsplass enn vanleg ved denne type bustad. Bustaden har eit innvendig bruksareal på 113,3 m² og bruksareal inkl. boder og carport er 166,1 m².
Nihusbakken ligg i hjartet av Skodje med kort veg til sentrumsfunksjonane. Dette er ein av dei lunaste og mest solrike plassane på Skodje, og kan i tillegg by på ei fantastisk utsikt mot både fjell og fjord. Området ligg under fjellfoten der stien til Nihusen startar, og her er vi i gang med ei etterlengta utbygging der vi håper å skape eit godt bomiljø for alle.
Om nabolaget
Sentral plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken bak Skodje omsorgssenter. Bustadane ligg sørvendt på solrike tomter med utsikt i retning Skodjevika. Feltet har ferdig opparbeida leikeplassar med leikeapparat, benkar og sandkasse. Gangavstand til alle sentrumsfasilitetar som butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, idrettsanlegg, kulturhus, omsorgssenter, legekontor, treningssenter, busstopp m.m. Flott turterreng, skiløyper, idrettsanlegg, golfbane m.m. i nærområdet.
Nihusbakken bustadfelt ligg svært landleg til, samtidig som det er sentralt og kort veg til det meste. Digerneset næringspark er berre nokre minutt unna med bil, og her er mange aktørar etablert, og stadig fleire kjem til. Køyretid til Moa 15 minutt, og til Ålesund sentrum 25 minutt.