Lys og moderne 3-romsleilegheit på 86 m² som ligg i eit roleg og attraktivt bustadområde. Leilegheita har ei eineståande utsikt mot fjord og fjell, og passer like bra for unge som for godt vaksne som ønsker ei komfortabel og praktisk leilegheit. Ei lun og solrik plassering og flotte turmoglegheiter gjer også sitt til at dette er ei særs god investering.
Prosjektfase
Ferdig planlagt
Planlegging
Nøkkelinfo
Terrasse/balkong
17 m² (TBA)
Fasiliteter
Balkong/Terrasse
Utsikt
Garasje/P-plass
Turterreng
Ingen gjenboere
Leilegheitene i bygg 9 og 10 vert levert klar til innflytting med god standard. Her er glatte malte veggar i tidsriktige fargar, eit stilfullt flislagt bad med fine detaljer, vegghengt toalett, takdusj og moderne dusjveggar.
Kjøkkenet er utstyrt med integrerte kvitevarer frå Bosch og ei innhaldsrik innreiing. Det er god plass til både spisebord og sofagruppe i den opne stue- og kjøkkenløysinga, noko som gir ei luftig og sosial atmosfære.
I den ytre delen av entreen er det flis, og ei praktisk skyvedørsgarderobe sørger for rikeleg med plass for oppbevaring av ytterklede og sko. Det er røropplegg for vaskemaskin både på bad og bod, så valfri plassering av vaskemaskin og tørketrommel.
Om nabolaget
Sentral plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken bak Skodje omsorgssenter. Gangavstand til sentrumsfasilitetar som butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, idrettsanlegg, kulturhus, omsorgssenter, legekontor, treningssenter, busstopp m.m. Flott turterreng, skiløyper, golfbane m.m. i nærområdet.
Skodje har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Nihusbakken bustadfelt ligg svært landleg til, samtidig som det er sentralt og kort veg til det meste. Digerneset næringspark er berre 7 minutt unna med bil, og her er mange aktørar etablert, og stadig fleire kjem til. Køyretid til Moa 17 minutt, og til Ålesund sentrum 25 minutt.