Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Flott, moderne leilegheit med integrert carport på solrik tomt

Øvstebygda 15 6265 Vatne
Pris fra
5 490 000 kr
Omkostninger
22 545 kr
Totalpris
5 512 545 kr
Jofrid Hatlehol
Jofrid Hatlehol
Jofrid Hatlehol
Jofrid Hatlehol
Prosjektet bygges av

Møre Hus AS

Møre Hus AS vart etablert i 1997 og er ein byggentreprenør som har hovudfokus på å byggje Systemhus på Sunnmøre. Selskapet har ein imponerande portefølje frå enkle og praktiske småhus/leilegheiter til storslåtte og detaljrike villaer.

Gå til forhandlersiden
I det nye bustadfeltet Vatnehagen 2 er vi no i gang med bygginga av denne flotte 2-mannsbustaden. Leilegheitene er sørvendte og har gode solforhold, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde.

Prosjektfase

Ferdig planlagt
Planlegging
For salg
Salgsstart
Februar -25
Byggestart
Januar - 26
Overtakelse

Nøkkelinfo

Boligtype

Tomannsbolig

Eierform

Selveier

Soverom

3

Bad

2

Rom

4

Etasjer

2

Bruksareal

121 m² (BRA)

Fasiliteter

  • Balkong/Terrasse
  • Utsikt
  • Ingen gjenboere
  • Garasje/P-plass
  • Turterreng
  • Peis/Ildsted

I eit roleg og idyllisk område med nærleik til det aller meste er vi no i gang med bygginga av denne stilfulle og moderne tomannsbustaden.

God planløysing der stue og kjøkken er utforma som delvis opent areal med god kontakt mellom romma. Store vindauge mot sør slik utsikta kan nytast både frå kjøkken og stue. Her er bad i begge etasjar, og eit soverom nede og to oppe. Separat vaskerom i underetasjen, og to gode boder i bakkant av carporten.

Kjempefin overbygd balkong med utgang frå kjøkken, og treplatt på terreng på sida med utgang frå stue.

Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport i tilknyting til bustaden, og privat innkøyring og parkering på sørsida. Veg og parkeringsareal vert asfaltert i samband med ferdigstilling av bustaden.

Om nabolaget

I Vatnehagen bor du i eit roleg og idyllisk bustadområde med nærheit til det aller meste. Sentral plassering nær Vatne barneskule, og gangavstand til barnehage, daglegvarebutikk, kafe, treningssenter, småbåthavn m.m.

I nærområdet er her fleire flotte friluftsområder med fine turstiar, og like i nærleiken ligg Gurinesbukta, eit nydeleg rekreasjonsområde med badeplass. Her er fleire fine fjellturar i nærområdet, og turstien til Ulvestadsætra og vidare til Ulvestadvatnet og Otrefjellet er vel den som er aller mest populær. Området har svært gode vilkår for friluftsliv med ferskvatn og eit flott fjellandskap. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle.

Nokre få minutt unna med bil ligg Vatne ungdomsskule, Eidet kulturhall og IL Ravn sitt idrettsanlegg. På Eidet ligg også to daglegvarebutikkar, diverse andre butikkar, frisør, legekontor, tannlege, Eidet omsorgssenter, bensinstasjon med gatekjøkken m.m. Køyretid til Digerneset 15 minutt, til Moa 25 minutt, og til Ålesund sentrum via Ellingsøya ca. 35 minutt.

Andre enheter til salgs i Tomannsbustad Vatnehagen

Leil. 1322121 5 490 000 kr