Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Moderne og stilfulle 3-roms leilegheiter i Vatnehagen

Øvstebygda 17B 6265 Vatne
Pris fra
3 460 000 kr
Omkostninger
11 295 kr
Totalpris
3 471 295 kr
Jofrid Hatlehol
Jofrid Hatlehol
Jofrid Hatlehol
Prosjektet bygges av

Møre Hus AS

Møre Hus AS vart etablert i 1997 og er ein byggentreprenør som har hovudfokus på å byggje Systemhus på Sunnmøre. Selskapet har ein imponerande portefølje frå enkle og praktiske småhus/leilegheiter til storslåtte og detaljrike villaer.

Gå til forhandlersiden
Romsleg, moderne 3-roms leilegheit i 4-mannsbustad med god planløysing, stor overbygd markterrasse, carport og utebod. Vi har hatt fokus på ein gjennomgåande god standard, men ønskjer du å justere på tilvala er dette fortsatt mogleg på denne leilegheita.

Prosjektfase

Ferdig planlagt
Planlegging
Ligg ute for sal
Salgsstart
Byggestart
Overtaking etter avtale
Overtakelse

Nøkkelinfo

Boligtype

Leilighet

Soverom

2

Bad

1

Rom

3

Bruksareal

82 m² (BRA)

Internt bruksareal

77 m² (BRA-i)

Eksternt bruksareal

5 m² (BRA-e)

Terrasse/balkong

13 m² (TBA)

Fasiliteter

  • Balkong/Terrasse
  • Utsikt
  • Garasje/P-plass
  • Turterreng

Leilegheita inneheld stue/kjøkken, to romslege soverom, gang, eit stilfullt bad med tidsriktige detaljar, innvendig bod og utebod. Kjøkkenet er utstyrt med integrerte kvitevarer og har ein lekker beige farge på innreiinga. Det er god plass til både spisebord og sofagruppe i den opne stue- og kjøkkenløysinga, noko som gir ein luftig og sosial atmosfære.

Leilegheita har utgang frå stove/kjøkken til overbygd markterrasse, og innsynet mellom naboane er skjerma av skiljeveggar mellom leilegheitene. Markterrassen på 13 m² gir deg rom til å nyte utsikta og den friske lufta.

Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport der ein kan plassere bilen i le for vèr og vind. I tillegg har kvar leilegheit ein parkeringsplass på gardsplass. Sportsbodene ligg på sida av bustaden tett opp til inngangspartiet til leilegheitene slik ein har enkel tilgang. Ferdig asfaltert veg og parkeringsareal er inkludert i leveransen.

Dette er ein bustad som kombinerer moderne funksjonalitet med stilige detaljar - ideell for både unge og godt vaksne som ønskjer ei komfortabel og praktisk leilegheit.

Om nabolaget

I Vatnehagen bor du i eit roleg og idyllisk bustadområde med nærheit til det aller meste. Sentral plassering nær Vatne barneskule, og gangavstand til barnehage, daglegvarebutikk, kafe, treningssenter, småbåthavn m.m.

I nærområdet er her fleire flotte friluftsområder med fine turstiar, og like i nærleiken ligg Gurinesbukta, eit nydeleg rekreasjonsområde med badeplass. Her er fleire fine fjellturar i nærområdet, og turstien til Ulvestadsætra og vidare til Ulvestadvatnet og Otrefjellet er vel den som er aller mest populær. Området har svært gode vilkår for friluftsliv med ferskvatn og eit flott fjellandskap. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle.

Nokre få minutt unna med bil ligg Vatne ungdomsskule, Eidet kulturhall og IL Ravn sitt idrettsanlegg. På Eidet ligg også to daglegvarebutikkar, diverse andre butikkar, frisør, legekontor, tannlege, Eidet omsorgssenter, bensinstasjon med gatekjøkken m.m. Køyretid til Digerneset 15 minutt, til Moa 25 minutt, og til Ålesund sentrum via Ellingsøya ca. 35 minutt.

Andre enheter til salgs i 4-mannsbustad Vatnehagen

Leil. 12182 3 460 000 kr
Leil. 42182 3 690 000 kr