Romsleg, moderne 3-roms leilegheit i 4-mannsbustad med god planløysing, terrasse ved inngangspartiet, balkong på sørsida, carport og utebod. Leilegheita er ferdigstilt, og vert selt klar for innflytting med god standand.
Prosjektfase
Ferdig planlagt
Planlegging
Ligg ute for sal
Salgsstart
Overtaking etter avtale
Overtakelse
Nøkkelinfo
Internt bruksareal
77 m² (BRA-i)
Eksternt bruksareal
5 m² (BRA-e)
Terrasse/balkong
13 m² (TBA)
Fasiliteter
Balkong/Terrasse
Utsikt
Garasje/P-plass
Turterreng
Leilegheita inneheld stue/kjøkken, to romslege soverom, gang, eit stilfullt bad med tidsriktige detaljar, innvendig bod og utebod. Kjøkkenet er utstyrt med integrerte kvitevarer og har ein lekker beige farge på innreiinga. Det er god plass til både spisebord og sofagruppe i den opne stue- og kjøkkenløysinga, noko som gir ein luftig og sosial atmosfære.
Leilegheita har utgang frå stove/kjøkken til balkong, og innsynet mellom naboane er skjerma av skiljeveggar mellom leilegheitene. Balkongen på 13 m², samt terrassen ved inngangspartiet på 11 m², gir deg rom til å nyte utsikta og den friske lufta.
Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport der ein kan plassere bilen i le for vèr og vind. I tillegg har kvar leilegheit ein parkeringsplass på gardsplass. Sportsbodene ligg på sida av bustaden tett opp til inngangspartiet til leilegheitene slik ein har enkel tilgang. Ferdig asfaltert veg og parkeringsareal er inkludert i leveransen.
Dette er ein bustad som kombinerer moderne funksjonalitet med stilige detaljar - ideell for både unge og godt vaksne som ønskjer ei komfortabel og praktisk leilegheit.
Om nabolaget
I Vatnehagen bor du i eit roleg og idyllisk bustadområde med nærheit til det aller meste. Sentral plassering nær Vatne barneskule, og gangavstand til barnehage, daglegvarebutikk, kafe, treningssenter, småbåthavn m.m.
I nærområdet er her fleire flotte friluftsområder med fine turstiar, og like i nærleiken ligg Gurinesbukta, eit nydeleg rekreasjonsområde med badeplass. Her er fleire fine fjellturar i nærområdet, og turstien til Ulvestadsætra og vidare til Ulvestadvatnet og Otrefjellet er vel den som er aller mest populær. Området har svært gode vilkår for friluftsliv med ferskvatn og eit flott fjellandskap. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle.
Nokre få minutt unna med bil ligg Vatne ungdomsskule, Eidet kulturhall og IL Ravn sitt idrettsanlegg. På Eidet ligg også to daglegvarebutikkar, diverse andre butikkar, frisør, legekontor, tannlege, Eidet omsorgssenter, bensinstasjon med gatekjøkken m.m. Køyretid til Digerneset 15 minutt, til Moa 25 minutt, og til Ålesund sentrum via Ellingsøya ca. 35 minutt.